Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Sjukepleiar offshore
Produksjonsliste
Program

Sjukepleiar offshore

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei sterk og rørande forteljarframsyning. Livet på ein oljeplattform i Nordsjøen blir skildra frå ein annan synsvinkel enn det til vanleg blir – frå ein sjukepleiar sin ståstad.

Munnleg forteljing er ei formidlingsform og ein kunstart som er nær, usminka og direkte. Det er ingen mellomledd, ikkje noko medium mellom avsendar og mottakar. Forteljaren skapar indre bilde hos tilhøyrarane, tydelege bilde som dei vil hugse.

I Anne Elisebeth Skogen si forteljarframsyning høyrer vi om livet på oljeplattformane, fortalt slik den første norske kvinna som blei tilsett offshore opplevde det. Ho heitte Svanhild, var sjukepleiar og blei tilsett i Nordsjøen for 40 år sidan.

I framsyninga fylgjer vi Svanhild frå hennar fyrste helikoptertur til Friggfeltet. Ho fortel om møtet med plattformlivet, og vidare blir vi med gjennom arbeid og fritid. Vi blir med på dramatiske redningsoppdrag og i sterke møte med pasientar, heilt til Friggfeltet blir avvikla og Svanhild blir pensjonist etter 30 år offshore, og ser tilbake på det som er att av Friggfeltet: «Blenkjande navigasjonslys i nattemørke på høge betongskaft, 20 meter over havet».

Framsyninga byggjer på fleire intervju med sjukepleiaren Svanhild Rolfsen. Saman med ein god del arkivstoff frå Norsk olje- og gassarkiv. Med dette som bakgrunn har forteljaren skapt ei personleg og direkte framsyning, som på sitt stillferdige vis understrekar det til dels dramatiske innhaldet.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Anne Elisebeth Skogen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Anne Elisebeth Skogen er utdanna lærar, med tilleggsutdanning i forteljarkunst. Ho har lang erfaring som lærar i kulturskulen og frilans forteljar.
Bak seg har ho ei rekkje turnear med forteljarframsyningar og har halde fleire forteljarkurs for lærarar.
Les meir om Skogen og hennar produksjonar på hennar heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Anne Elisebeth Skogen
Foto: Privat
Framsyning Seglmakerloftet, Egersund.
Foto: Johan Aakre

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kulturarv
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
45 minutt.
Maks publikumsantal
65
Arena / rom
Klasserom, bibliotek, lite auditorium eller anna på skulen, nært på publikum.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
5 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune