Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
While They are Floating (Carte Blanche)
Produksjonsliste
Program

While They are Floating (Carte Blanche)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Samtidsdans med utdrag frå festspelframsyninga 2017, While They Are Floating. 
Tilbod om danseverkstad på skulen på førehand!

I denne danseframsyninga tek Carte Blanche utgangspunkt i individuelle transitthistorier og menneskelege kjensler av smak, sansing og saknad.

Flyktningar blir ofte presenterte som menneskemassar som kjem i store grupper. Men for kvar einskild asyl-
søkjar er det ei personleg reise fylt av eigne opplevingar, val, erfaringar minne og sakn. Sjølv om reisa er
saman med andre, er ein òg svært åleine – med ansvar for seg sjølv og eiga historie. Kva tek vi med oss når vi forlèt ein hem, og korleis tek vi vare på det vi har reist frå? Dansarane kroppsleggjer flyktningar sine historier. Med empati og fysisk tunge, store, seige rørsler skapar dansarane eit felles møtepunkt der vi kan eksistere saman.

Etter framsyninga vil det vere opning for samtale om det elevane har opplevd under framsyninga, og om asylproblematikken generelt.

Framsyninga er koreografert av Hooman Sharifi, som sjølv kom til Noreg som einsleg, ung asylsøkjar frå Iran i 1988. Han er i dag sjef for Carte Blanche. Musikken er av Helge Sten.

Framsyninga er framleis i produksjonsfasen og under utarbeiding, og innhaldet kan bli endra noko.

Tilleggstilbod – Danseverkstad på skulen!
For skular som ynskjer det, tilbyr Carte Blanche halvannan time morosam og inspirerande danseverkstad på skulen med dansepedagog. Med utgangspunkt i framsyninga sitt tema, og visuelle og auditive element, får elevane utforske og erfare dans som rørslespråk. Dansepedagogen byr på ei rekkje kreative oppgåver. I tillegg til dei praktiske erfaringane, gjev arbeidet med element frå framsyninga ein nøkkel til forståing av framsyninga dei skal sjå seinare.
​Dei får både sjå, tolke og i tillegg kjenne på kroppen korleis rørsler i dans kan uttrykkje stemningar, tankar og kjensler. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Carte Blanche

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Carte Blanche er Noreg sitt nasjonale kompani for samtidsdans. Oppdraget er å nå ut til eit stort nasjonalt og internasjonalt publikum med det beste av norsk og internasjonal samtidsdans.

Les meir om Carte Blanche og framsyninga på deira heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Plakat
Foto: Carte Blanche
While they are floating2
Foto: Carte Blanche

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst / Dans
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
Danseverkstad: 90 minutt. Framsyninga: 60 minutt.
Maks publikumsantal
160
Arena / rom
Danseverkstad: Gymsal, dansesal eller anna eigna rom på skulen. Framsyninga: Studio Bergen, Bergen sentrum.
Workshop
Danseverkstad med dansepedagog på skulen i førekant av framsyninga: Maks 30 elevar pr. økt.
Merknad
Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter til og frå Studio Bergen. Sjå vedlegg.

Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune