Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Lokal BIFF 2017: Heltar. Kor e’ alle heltar hen?
Produksjonsliste
Program

Lokal BIFF 2017: Heltar. Kor e’ alle heltar hen?

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Svaret er: Overalt. Møt superheltane frå røynda! BIFF syner tre inspirerande filmar om enkeltmenneske som gjer ein stor skilnad med sitt heltemot.

Festivalframsyning av dokumentarfilmar.

BIFF arrangerer nok ein gong lokal Biff på utvalde kinoar/kulturhus/skulestader i Hordaland utanom Bergen. Tilbodet er utarbeidd særskilt som lokal BIFF, og skil seg frå BIFF sitt ordinære dokumentarfilmprogram til vidaregåande skular i Bergen.

Elevane blir inviterte til ein heil festivaldag på sin lokale kino, med framsyningar av dokumentarfilmar i ei anna ramme og setting enn det som har vore vanleg tidlegare.  

BIFF har vald ut nye dokumentarfilmar som er henta inn frå dei største festivalane i verda, og som har vekt oppsikt mange stadar. Filmane blir viste i eige program, innanfor skuletida.

Elevane får sjå tre filmar. Filmskaparar, andre filmarbeidarar eller dei som medverkar i filmane, er til stades under framsyningane. Alternativt vil fagfolk som er godt kjende med emna i filmane, vere med på dette opplegget. Dei innleier filmane med å presentere arbeidet sitt for elevane.

Kort om filmane:

Moldovan Miracle
Regi: Stian Indrevoll. Noreg 2017. Norsk, engelsk og moldovsk tale, engelsk tekst.
Optikaren Hans Bjørn Bakketeig frå Os i Hordaland har redda synet til ti tusen menneskje i det fattigaste landet i Europa; Moldova. Politisk kaos kompliserer arbeidet, men det skal mykje til for å stogge "Trollmannen frå Os"!
Sjå trailer Moldovan Miracle

Thank You for the Rain
Regi: Julia Dahr og Kisilu Musya. Noreg/Storbritannia 2017. Engelsk og swahili tale, norsk tekst.
Bonden Kisilu i Kenya kjempar mot klimaendringar med å plante tre og spreie bodskapen sin til både sambygdingar og FN. Norske Julia filmar Kisilu sin kamp for å halde hovudet over vatnet med familien, og samstundes bli høyrd av globale leiarar som utset viktige avgjerder.
Sjå trailer Thank You for the Rain

Jaha's Promise
Regi: Kate O'Callaghan og Patrick Farrelly. USA, Storbrittannia, Gambia 2017. Engelsk tale, norsk tekst.
Gambiske Jaha blei kjønnslemlesta som barn og gifta bort til ein mann i New York. Som vaksen kjempar ho for at dottera og andre jenter ikkje skal li same skjebne. Kampen står mot familien og styresmaktene i heimlandet. Ved Jaha sitt vinnande vesen brenn håpet.
Sjå trailer Jaha's Promise

Etter kvar film er det sett av tid til dialog mellom salen og filmskaparane, der elevane er oppmoda om å kome med eigne synspunkt, spørsmål og kommentarar.

Pedagogisk materiell:

Før filmfestivalen blir det distribuert filmstudieark knytt opp mot dei utvalde filmane, mynta på forarbeid til festivalbesøket. I tillegg til utdjupande informasjon om filmane og filmskaparane, inneheld materiellet utforma problemstillingar som blir viktig i møte med regissørar, filmarbeidarar eller aktørar i filmane. 

Tematisk vil filmstudiearka innehalde tankar om form og innhald og ha fokus på bodskap og påverknad. Det blir òg lagt vekt på å formidle og klargjere korleis dei ulike filmskaparane arbeider med å formidle ei eller fleire saker gjennom sitt medium; dokumentarfilmen.

Pedagogisk materiell/filmstudieark er framleis under utarbeiding, og blir sendt skulane når dei ligg føre.

NB: Sjølv om lokal-Biff i år blir tildelt skular direkte, kan skular som ønskjer lokalt arrangement melde det til Hordaland fylkeskommune. Foreslå gjerne kino/lokale.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bergen Internasjonale Filmfestival - BIFF

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Om Bergen internasjonale filmfestival: Sjå BIFF si heimeside BIFF 2017

Multimedia og vedlegg

Bilete

Logo
Foto: BIFF

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Film
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
5 timar 50 minutt inkl. tre filmframsyningar. Program for dagen: Sjå turnéplanen.
Maks publikumsantal
500
Arena / rom
Lokal kino, kulturhus eller annan visningsarena.
Merknad
HFK dekkjer ev. reiseutgifter til visingstaden. Sjå vedlegg.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune