Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Vår ære/Vår makt (Den Nationale Scene)
Produksjonsliste
Program

Vår ære/Vår makt (Den Nationale Scene)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Bli med tilbake til Den Nationale Scene (DNS) i 1935! Til då Nordahl Grieg var sentral i det vakre huset på Engen, og då politi blei tilkalla for å roe gemytta under framføringa av «Vår ære og vår makt».

Aldri før hadde byen, og byen sine rike menn, blitt stilt i så grelt lys som i teaterstykket «Vår ære og vår makt» av Nordahl Grieg då det vart vist på DNS for fyrste gong. Han peikar på skilnadar mellom folk, skilnadar alle veit eksisterer, men som ikkje kjem fram i lyset. Han let publikum oppleve den grelle kontrasten mellom sjøfolk, som med livet som innsats opprettheldt norsk skipsfart i krigstider, og reiarar og meklarar som heile tida har levd og framleis lever i luksus etter krigen.

Skodespelet gjorde eit djupt inntrykk på folk. Det var ein ny type teater, der ein nyttar framstillingar av sterke kontrastar som verkemiddel for å få fram bodskapen, noko som ikkje var særleg vanleg i samtida.

80 år etter urpremièren tok dramatikar Cecilie Løveid og regissør Tore Vagn Lid utgangspunkt i Grieg sitt manus og laga ein eigen versjon, eit flettverk av tekst, musikk, foto og film. I denne versjonen nyttar dei stykket som ein portal tilbake i tid. Teatret blir eit mørkerom, og framsyninga framkallar ei traumatisk side av byen sitt kollektive minne.

Seks skodespelarar og tre musikarar er «framkallarane». Dei hentar fram gløymde og fortrengde sider ved bergensarane si fortid, som har vore med å prege kven dei har blitt. Og dei konfronterer Nordahl Grieg sjølv, som med eitt er attende på DNS anno 2017!

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Den Nationale Scene

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Medverkande:
Katrine Dale, Sisann Bugge Kambestad, Sigmund Njøs Hovind,Bjørn Wilberg Andersen, Jonas Nielsen, Pål Rønning, Per Egil Jørgensen, Annabel Guaita, Thomas Sinclair Valeur.

Les meir om Den Nationale Scene på deira heimeside.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Plakat
Foto: Den Nationale Scene DNS
Radio.
Foto: Den nationale Scene
Grieg skriv.
Foto: Den Nationale Scene
Saman.
Foto: Den Nationale Scene

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen, tlf. 55 23 99 81
Programlengde
2 timar, ingen pause.
Maks publikumsantal
180
Arena / rom
Teaterkjelleren, Den Nationale Scene i Bergen.
Merknad
Hordaland fylkeskommune dekkjer ev. reiseutgifter til og frå teatret.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune