Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Å sjå verda som ny!
Produksjonsliste
Program

Å sjå verda som ny!

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Eit inspirerande møte med forfattaren Mattsson; inspirasjons- og skriveverkstad med litterære tekstar og leikande skriveøvingar!

Alle kan skrive eit brev, ein tekst eller ein sms, og vi gjer det heile tida. Men korleis skrive slik at språket kan framkalle bilde i lesaren sitt hovud, framkalle lukter og lydar, korleis skrive så teksten blir levande? Og, er det råd å finne eit språk som er heilt deg, og kunne uttrykkje deg på eit vis som ikkje liknar andre?

Ja visst! Det handlar nemleg om å lære seg nokre smarte knep, om det å halde att, ikkje skrive ut alt på ein gong, skrive mellom linjene, kvitte seg med oppbrukte ord, vere presis. Det handlar òg mykje om å bli bevisst korleis sansane har kraft, om å prøve å sjå verda som for første gong, å leggje merke til det som finst av former og fargar og luktar og lydar. Det handlar om å bli ein som ser, å lære seg å sjå, å sjå på verda som ny og klar til å bli oppdaga! Og det handlar ikkje minst om å lære seg å lese andre forfattarar, bli medveten korleis dei skriv for å få deg til å kjenne og sjå noko på eit spesielt vis.

I dette kurset fokuserer Mattsson mellom anna på korleis ein kan lære å formulere seg slik at teksten kan få meir liv, få pust, få farge og stemme: Gjennom enkle oppgåver, både skriftlege og munnlege, skal elevene prøve å sjå, og å setje ord på det dei ser. På det viset kan dei lære å få eit betre ordforråd og finne dei rette orda for å uttrykkje presist det dei vil fram til. Ein skal òg stille spørsmål ved klisjear og automatiske formuleringar, adjektivbruk og generelt språk. Alt for å nå eit ekte og originalt språk.

Gjennom samtale og diskusjon i plenum, skal elevane og Mattsson ta for seg artige og overraskande døme på situasjonar der dei skal sjå etter meir enn det openbare. Eksempeltekstar blir henta frå yngre, norske og nordiske samtidsforfattarar, tekstar der elevande kan kjenne att si eiga samtid og eigne miljø og erfaringar.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Annette Mattsson

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Annette Mattsson har bak seg sju skjønnlitterære bøker. Ho har lang erfaring i å halde inspirasjonskurs for vaksne, og forfattaren har i åtte år arbeidd som kreativ skrivelærar for unge kriminelle i Kriminalomsorga. Ho er òg erfaren innan annan formidling av litteratur, bokbad, litterære samtalar og er aktiv innan Skrivekunstakademiet, Litteraturhuset og Norsk Forfattarsentrum.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Annette Mattsson
Foto: Vigdis Hareide

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: VG1 - Vaksne
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Arnulf Henriksen tlf. 55 23 99 81
Programlengde
90 minutt, anna etter avtale med forfattaren.
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom med projektor til framvising frå PC.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
5 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune