Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
808 & heartbreaks - H17
Produksjonsliste
Program

808 & heartbreaks - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Med tittelen ”808 & heartbreaks” meiner Miss Tati trommemaskina 808 og hjartesorg-tematikken ein finn i urban musikk. Musikk er terapien for kvar og ein augneblink i livet. Elevane blir med på ei musikalsk reise som startar i hip‐hop, R&B og sluttar med house music, - elektronisk dansemusikk frå 90‐talet. Miss Tati skriv sin eigen musikk, og ho hentar inspirasjon frå alle stilartar ho likar for å laga si eiga musikalske oppskrift.  

Lærarrettleiing

Ein klubbkonsert midt i skuletida?

Miss Tati ønskjer å skape ei kjensle av klubbstemning på skulen. Ho ønskjer at publikum står på konserten hennar, slik at dei kan bevege seg til musikken. Dette er slettes ikkje eit krav, og vi veit at på nokre skular er det umogleg grunna amfi med fastmonterte stolar. 

Elevmedverknad - Vil du/de vere med å danse til ein av låtane? 

Eit stykke ut i  låta "Again and again" har Miss Tati og Liliana ein dansesekvens. Dei inviterer ein dansar eller ei dansegruppe til å fortsette med dansen der dei stoppar - som ein slags "battle". Under "Lenker" til høgre finn de "Again and again" på Soundcloud, og YouTube-lenkja frå Øya-festivalen i 2015 syner Miss Tati og Liliana sin dansesekvens.

På Soundcloud - dans med elev(ar) frå ca. 03:46/På Youtube -  frå ca. 30:54

Fint om dansar/dansegruppe tar kontakt med Miss Tati før konsertstart.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Miss Tati sitt eigentlege namn er Tatiana Palanca, og ho kjem opphavleg frå Portugal og Angola. Hun flytta til Norge i 1996 og begynte med solokarrieren si i 2011. Det var ikkje før ho blei Urørtfinalist, opptredde på festivalen by:Larm og vant Forbildeprisen 2015, at karrieren tok av. Miss Tati har òg vekt oppsikt langt utanfor Norge sine grenser, og hennar singelutgjevingar har blitt omtalt av internasjonale aviser og magasin som The Guardian, ID-Magazine og Timeout London Magazine. Hun har elles spelt på VG-topp 20, BergenfestUng og MiniØya i fjor. Med seg på laget har ho produsent og trommeslagar Ivar Thormodsæter (spelar òg med rapgruppene Madcon og Paperboys), Eirik Blåsternes (spelar òg med rapparane Vinnie og Son of Light) på synth og lillesøstera Liliana Palanca på kor, perkusjon og dans. David Aasheim er lydmeistar og skrur lydeffektar til perfeksjon.


Medverkande

  • Miss Tati - Tatiana Palanca (vokal)
  • Liliana Palanca (vokal, elektronikk)
  • Eirik Blåsternes (synther/elektronikk)
  • Ivar Thormodsæter (trommer)
  • David Aasheim (effektar/elektronikk)

Multimedia og vedlegg

Bilete

miss tati.jpg
Foto: Øystein Grutle Haara

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
SPØRSMÅL OM KONSERTPLANEN
Turnélegger Hanne-Brit Iversen
Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelinga
Tlf.: 55 23 99 66   Hanne-Brit.Iversen@hfk.no     SPØRSMÅL OM PROGRAMMET                    Produsent Wenche Gausdal                        Hordaland fylkeskommune, kultur- og idrettsavdelingaTlf.: 55 23 99 65 / 976 87 636 Wenche.Gausdal@hfk.no       
Programlengde
35
Arena / rom
Gymsal eller skulen sitt konsertlokale. Heil eller delvis blending er ønskjeleg.
Berehjelp
Fint om 10 elevar stiller som berehjelp
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
45 min.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Miss Tati - Tatiana Palanca (vokal)
  • Liliana Palanca (vokal, elektronikk)
  • Eirik Blåsternes (synther/elektronikk)
  • Ivar Thormodsæter (trommer)
  • David Aasheim (effektar/elektronikk)