Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Historiefortelling – gjennom filmmediet - V18
Produksjonsliste
Program

Historiefortelling – gjennom filmmediet - V18

Med kortfilmen ”Campingliv” frå 2016 ynskjer utøvarane å skape refleksjon over korleis relasjonene våre forandrar seg når ein har fordommar. Filmens fokus er på temaet å sette folk i bås, og å vere bevisst på sjå forbi "mekelappane" me set på kvarandre. Filmskaparane vil vi oppnå dette med at elevane sjølv finner ei historie om det å bli satt i bås/fordommer og ta dei gjennom korleis dei kan fortelje historia si gjennom filmmediet.

Synopsis:
​Rumenske Ada jobber som prostituert saman med tanta si på ein norsk campingplass. Ho møter Henriette, ei norsk jente på hennar eigen alder, som lever det vanlege livet Ada lengtar etter. På dagtid skuver Ada virkelegheita vekk, men når kvelden nærmar seg er det vanskeleg å halde hemmelegheitane skjult.

Filmen viser korleis eit påbegynt vennskap snur i det mørket faller på, og prøver å finne det menneskelege bak merkelappane me setter på kvarandre. Sjølv om dei to jentene er fødd på to ulike stader og har to ulike liv, ser me likheiter mellom jentene, til dømes drømmer, glede, håp, venskap. Dette før dei på campingplassen finner ut kva Ada gjer der, og ho vert satt i bås, utan at nokon spør kvifor ho gjer slik ho gjer.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Ina Lerner Grevstad og Stine Blichfeldt

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ina Lerner Grevstad jobbar som regissør og er utdanna skodespelar. Sidan 2011 har Ina regissert ei rekke kortfilmar og musikkvideoar, samt jobba for NRK og TV2 med produksjonar som "Farmen" og "Anno". 

Stine Blichfeldt har jobba med film og TV sidan 2005 og er utdanna radio og tv-journalist. I 2010 starta ho sitt eiget filmselskap som har vunnet prisar både nasjonalt og internasjonalt for sine kortfilmar. 

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Film
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Ina Lerner Grevstad - 916 65 467
Programlengde
45 min x 2
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Klasserom/gymsal/auditorium med projektor og lerret eller whiteboard
Oppriggingstid
15 min.
Nedriggingstid
15 min.
Merknad
Delvis blending
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune