Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Fremmed Fugl, Storm og Kaffe - H17
Produksjonsliste
Program

Fremmed Fugl, Storm og Kaffe - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Fremmed Fugl, Storm & Kaffe er den forunderlege fabelen om Mie og kompanjongane hennar, Rasmus Svarttrost og Robin Rødstrupe.

Historia byrjar ein kveld dei tre venene finn ein framand fugl som har kræsjlanda i Mie si hage etter ekstremvêret Nina. Sjølv om Rasmus og Robin mildt sagt er skeptiske, bestemmer Mie seg for at dei skal ta ansvaret for den framande fuglen. Dei slår leir og held til under det store treet i hagen. I løpet av natta fortel Mie gamle historier ho lærte av bestemor. Historier om kaffien si reise, og korleis den kom til Norge for å bli ein av våre aller mest populære drikker, vert vekt til live med dans og musikk...

Fremmed Fugl, Storm & Kaffe er ei framsyning som tek i bruk musikksceniske verkemiddel for å skape ettertanke rundt ei stor utfordring - korleis vi møter individ frå andre kulturar enn vår eigen.

Denne musikkfabelen vil fange born i ei eventyrleg verd full av framande lydar, ukjente klangar og forteljingar frå fjerne himmelstrøk og ei anna tid. Lukta av kaffi og nykverna kaffibønner fyller rommet, og sansane vert fylte av kjente lukter som ein gong var like framand som ein rar liten fugl som vert blåst til Vestlandet med ekstremværet Nina.

Kan historia om den framande fuglen lære born noko om korleis vi møter innvandrarar frå andre kulturar enn vår eigen?

Lærarrettleiing

Elevane kan førebu seg på kaffiens historie og i kva land det vert dyrka kaffi. Kva klimatiske forhold er naudsynt for å dyrke kaffi og kvifor det ikkje kan dyrkast i Norge.

Fremmed Fugl, Storm og Kaffe kan vekke forundring og nysgjerrigheit om Solkongen i Frankrike, kaffibarane i Tyrkia og slavane på kaffiplantasjane i Brasil. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Studio O

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Studio O produserer og framfører musikksceniske framsyningar, og er driven av Heidi Tronsmo - songar, tekstforfattar og sceneartist, og komponisten Glenn Erik Haugland. Kompaniet har sitt eige lokale for produksjon, visninger, kurs og workshops i Os. Studio O tek ofte opp tidsrelevante hendingari produksjonane og utfordrer eign og andres meininger gjennnom kunstnerisk fordjuping.

UTØVARANE:

Christina Bæver (Mie) er utdanna skodespelar og musikalartist ved Norsk Skuespillerinstitutt og Bårdar Akademiet. Ho har erfaring frå ulike typer produksjonar og barneførestillingar som både skodespelar, songar og musiker. Christina har òg medvirka i norsk film og TV som skodespelar, statist og dubbar.

Anne Goro Tronsmo Haugland (Robin) har bakgrunn som musiker med fiolin som hovudinstrument og har teke danseutdanning ved Skolen for Samtidsdans. Parallelt med utdanninga har Anne Goro jobba med å vidareutvikle seg i elektroakustisk komposisjon og har komponert til scene og framføringar av verk i konsertform.

Ragnhild Tronsmo Haugland (Rasmus) jobber i hovudsak med musikk og lyd til nye medier, musikkteater, og sceniske produksjonar. Ho er både komponist, cellist, lyddesigner og musikkprodusent, og er utdanna ved NKH (Oslo) og Solent University (Southampton). Ragnhild fekk i 2014 Diversestipend for nyutdanna kunstnarar frå Kulturrådet.


Medverkande

  • Studio O
  • Anne Goro Tronsmo Haugland (Skodespelar/musikar)
  • Ragnhild Tronsmo Haugland (Skodespelar/musikar)
  • Christina Bæver (Skodespelar/sangar)
  • Heidi Tronsmo (Tekstforfatter)
  • Glenn Erik Haugland (Komponist)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen
Fremmed fugl
Foto: Odin Nordhagen

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kunstarter i samspill
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Fleksibelt, men dei treng 7x8 meter speleflate
Berehjelp
1
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Scenebreidde i meter
7
Scenedjupne i meter
8
Merknad
Det er naudsynt med delvis blending
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Anne Goro Tronsmo Haugland (Skodespelar/musikar)
  • Ragnhild Tronsmo Haugland (Skodespelar/musikar)
  • Christina Bæver (Skodespelar/sangar)
  • Heidi Tronsmo (Tekstforfatter)
  • Glenn Erik Haugland (Komponist)