Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Full fart med Rine og Ravi - V18
Produksjonsliste
Program

Full fart med Rine og Ravi - V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Framsyninga tek utgangspunkt i bøkene Epleslang og Full fart som kom ut i 2015 og 2016. Bøkene handlar om Rine, Ravi og Lærar-Knut, og dei situasjonane som kan oppstå når ein har ein lærar som meiner fred og ro er det kjedelegaste i verda.

Gjennom samtale vil forfattar Vegard Markhus gje elevane eit innblikk i tankar og arbeid som ligg bak bøkene. Bøkene vert lest med illustrasjonar på lerret, og det heile vert ramma inn av eit knippe nyskrivne songar: Lærar-Knut ville aldri ha godteke 45 minutt utan ein dose rockn`n roll og dans!

Lærarrettleiing

Det er ynskjeleg at elevane kjenner til songen "Rockesokk" før besøket. Songen er tilgjengeleg som vedlegg. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Forfattar Vegard Markhus bur i Bergen og jobbar som lærar. Han debuterte med bildeboka "Redd" i 2008. "Timothy mister seg sjølv", som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris for. Markhus har sjølv både skrive og illustrert bøkene. 

Bjørnar Sangolt er gitarist og musikkprodusent og har spelt i ulike band, mellom anna med Trygve Skaug og StMorritz. Han bur i Norheimsund og arbeider til dagleg som gitar- og bandlærar ved kulturskulen. Når det gjeld barnemusikk er han mellom anna musikar og produsent for barneplata God natt, som kom ut i 2012 i samband med med boka God natt av Vegard Markhus.


Medverkande

  • Vegard Markhus og Bjørnar Sangolt
  • Vegard Markhus
  • Bjørnar Sangolt

Multimedia og vedlegg

Bilete

Vegard Markhus
Foto: Aschehoug

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10 
Kontaktperson utøvar
Vegard Markhus - 959 44 335
Programlengde
40
Arena / rom
klasserom, auditorium eller gymsal
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad
Utøvarane treng tilgang på PC og projektor, og ei speleflate på omlag 2x4 meter.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Vegard Markhus
  • Bjørnar Sangolt