Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
ÆSJ! - V18
Produksjonsliste
Program

ÆSJ! - V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ei bok kan handle om kva som helst. Forfattarar har nemleg lov til å lyge! 

– Er det nokon som har lyst til å fortelje meg noko rart? Slik begynner ofte forfattar og illustratør Reidar Kjelsen når han kjem på besøk.

Han likar å fabulere, teikne, snakke om bøkene sine, og improvisere fram nye historier på flippover sammen med borna. Fantasien får fritt spelerom og alt går føre seg på borna sitt nivå.

Reidar forsøker å skape bevisstheit kring dette med at mennesker eter dyr. Saman med elevane fabulerer han over kvifor dei vaksne bestemmer og kvifor dei gjer så mykje rart. Kanskje teiknar han ein av elevane med dyrekropp, lar elevane lukte på ein ekte forfattarsokk eller gjør noko heilt uventa, basert på innspel frå borna. 

Førestillinga Æsj! handlar om å gje fantasien fri flyt og å skape interesse for bøker. 

Æsj!, Ku uten hode, Tissemus og Bertil bestemmer selv! er bøker for dei som skal stave seg gjennom sine fyrste setningar. Veldig enkle bøker med vekt på humor.

Lærarrettleiing

BØKENE:

Då Bertil i Bertil bestemmer selv vil låne pappas kniv for å spikke litt, får han streng beskjed om at han er for liten. "Kun dei med eiget skjegg får bestemme sjølv," seier pappa. Dermed klemmer Bertil ut eit praktskjegg sjølv erfarne tømmerhoggarar ville misunna han. No står ingenting i vegen for at Bertil får låne kniven. Og dermed går det slik det må gå i ei biletebok av Reidar Kjelsen. Søtt, sjarmerande og ganske grotesk for morbide lesere.

Æsj! handlar om Flue, som er flink å vaske seg. Han er flink til å kle seg. Til middag et han bæsj. Ei veldig lettlest og morosam historie for den som skal lære å lese.

Ku uten hode handlar om ei ku som ikkje har hovud, og det er noko katta veti å utnytte. Men kven ler sist? Ei morosam og litt trist forteljing om å være annleis.

I Tissemus møter me Tissemus, som er veldig glad i å tisse. Høgt, lågt, i øst og i vest. Det kiler! Han vil tisse overalt! Gjerne på dei andre dyra òg. Men kor artig er det eigentleg å bli tissa på?

Forslag til førebuing:

- Les ei eller fleir av bøkene.

- Teikn yndlingsdyret ditt som gjer noko rart.

Forslag til etterarbeid:

-Les fleire bøker!

Læreplanmål

LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:

Besøket kan koplast opp mot desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet:

NORSK:

*samtale med andre gjennom lek, dramatisering, samtale og diskusjon ; *lese tekster av ulike typer med sammenheng og forståelse ; *gjenkjenne og bruke språklige virkemidler som gjentakelse, kontrast og enkle språklige bilder ; *samtale om innhold og form i sammensatte tekster ; *gi uttrykk for egne tanker og opplevelser om barnelitteratur.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Reidar Kjelsen
  • Idé/ opplegg: Reidar Kjelsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Forfattaren Reidar Kjelsen er utdanna illustratør frå Statens håndverks- og kunstindustriskole. Han har illustrert nærmare 50 barnebøker og skrevet 14 av desse sjølv. Reidar er også kjent for illustrasjonane til bøkene om Otto Monster av Jon Ewo. I tillegg har han hatt omlag 4000 leselystforestillinger i det norske skuleverket og på biblioteker over heile landet.

Illustrasjonane kjenneteiknast av forseggjorte detaljer og kraftige overdrivingar, oftast målt med akrylmåling, men Kjelsen beherskar òg tusj og blyantteknikkar.

Når Kjelsen skriv sjølv, likar han å bryte tabuer innanfor barneboksjangeren ved hjelp av humor, ironi og ordspel. Historiane hans ender ikkje nødvendigvis lykkeleg.


Medverkande

  • Reidar Kjelsen
  • Reidar Kjelsen (Forfatter og illustratør)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Æsj omslag 1.jpg
Foto: Cappelen Damm
Æsj omslag 2.jpg
Foto: Cappelen Damm
Æsj omslag 3.jpg
Foto: Cappelen Damm
Æsj omslag 4.jpg
Foto: Cappelen Damm
Æsj portrett.jpg
Foto: blogspot

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 1 - 4
Turnéplan: ÆSJ! - V18
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Reidar Kjelsen - 934 51 432
Programlengde
45 minutt
Maks publikumsantal
35
Arena / rom
Klasserom
Anna utstyr
Til framsyninga treng Reidar Kjelsen:- Ei  flipover-tavle og raud og svart sprittusj med flat tupp
Oppriggingstid
5 min.
Nedriggingstid
5 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Reidar Kjelsen (Forfatter og illustratør)