Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Superbitchene - H17 og V18
Produksjonsliste
Program

Superbitchene - H17 og V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Om å våge å vere seg sjølv når alle andre verkar mykje kulare.

Skulekvardagens opp- og nedturar er temaet når A. Audhild Solberg besøker 5-7. klasser med bøkane om Anne Bea, Nils og superbitchene. Ho fortel og viser bilete frå sin eigen barndom og snakkar om korleis ho opplevde sin egen berg-og-dal-banekøyring mellom forelskingar, korpsflauser og aaaalt for mange fregner.

Solberg fortel og les høgt frå bøkane om Anne Bea. Ho vil koma inn på kvifor ho skreiv bøkene, og samtalar med elevane om tema som vennskap, forelsking, mobbing og det å vere annleis. 

Lærarrettleiing

BØKANE:

Hovudpersonen i A. Audhild Solbergs "Kampen mot superbitchene" er ikkje blant dei kulaste på skulen. Faktisk er ho nestnest nedst i bånnligaen i sjuande klasse. I den fyrste boka møter me Anne Bea, som tilsynelatande står heilt utanfor det sosiale miljøet. Med hjelp frå bestevennen Nils tek dei opp kampen mot klassens superbitcher Thea, Ronja og Shirin. Og så må me ikkje gløyme tante Mona, da. Og Magnus, trommisen i Føkk Jøstin. Guten Anne Bea er så forelska i at ho nesten ikkje får puste.

I 2015 kom oppfølgaren "Superbitchene driter seg ut», og året etter «Det spøker for superbitchene». Den fjerde og siste boka i serien heiter «Superbitchenes hemmelighet» og kom hausten 2017. 

Den fyrste boka i serien vant ARKs barnebokpris i 2014. Bøkene er omsett til fleire språk.

For at formidlinga skal fungere som lesestimulering bør bøkane vere tilgjengelege i etterkant.

Læreplanmål

LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:

Besøket kan knytast opp mot desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet:

NORSK: *lese et bredt utvalg tekster i ulike sjangre og reflektere over innhold og form i teksten ; *skrive fortellende tekster etter mønster av eksempeltekster ; *presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur ; *vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold.

SAMFUNNSFAG: *beskrive roller i egen hverdag og undersøke om samtale og forventninger som knytter seg til disse rollene.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: A. Audhild Solberg
  • Idé/ opplegg: A. Audhild Solberg

Om kunstnar / utøvar / gruppe

FORFATTAREN:

A. Audhild Solberg er fødd12. april 1975, og budde i den lille bygda Sauland i Telemark saman med lærarforeldrene, to yngre sysken og golden retrieveren Balder fram til ho var ferdig med vidaregåande. Då flytta ho heimefrå for å studere, og etter åtte år var hovudfaget i nordisk språk og litteratur i boks.

Dei siste 15 åra har ho jobba som forlagsredaktør, korrekturlesar, oversettar, språkvaskar, manuskonsulent og litteraturkritikar – før ho endeleg tok steget over i forfattaranes rekker i 2014 med barneboka Kampen mot superbitchene, om tolvårige Anne Bea og hennar opp- og nedturar på Skogen skule.


Medverkande

  • A. Audhild Solberg
  • Anne Audhild Solberg (Forfatter)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Kampen mot superbitchene
Foto: Aschehoug
Superbitchene driter seg ut
Foto: Aschehoug
Det spøker for superbitchene
Foto: Aschehoug
A. Audhild Solberg
Foto: AKAM1K3
Superbitchenes hemmelighet .jpg
Foto: Aschehoug

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 5 - 7
LITTERATUR OG KUNNSKAPSLØFTET:Besøket kan knytast opp mot desse kompetansemåla i Kunnskapsløftet:NORSK: *lese et bredt utvalg tekster i ulike sjangre og reflektere over innhold og form i teksten ; *skrive fortellende tekster etter mønster av eksempeltekster ; *presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur ; *vurdere tekster med utgangspunkt i egne opplevelser og med forståelse for språk og innhold.SAMFUNNSFAG: *beskrive roller i egen hverdag og undersøke om samtale og forventninger som knytter seg til disse rollene.
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
A. Audhild Solberg - 99 15 15 52
Programlengde
45 minutt
Maks publikumsantal
75
Arena / rom
klasserom, auditorium eller bibliotek
Anna utstyr
Utøvar har med ein presentasjon på minnepinne og treng projektor, lerret og pc/mac.
Oppriggingstid
5 min.
Nedriggingstid
5 min.
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Anne Audhild Solberg (Forfatter)