Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Ikaros - på vei mot toppen - V18
Produksjonsliste
Program

Ikaros - på vei mot toppen - V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ikaros Olsen er på bunn - og vil til toppen. Han bur saman med bestefaren sin i ein kjellar og drøymer om suksess.

Historiane om Ikraos er historia om det å ville bli noko stort. Mange born i dag drøymer om å bli rike og berømte, å spela på Man U eller å bli supermodell. Ikaros, som namnet tilseier, karrar seg oppover. Men jo lenger opp mot toppen han kjem, jo djupare er det ned.

I framsyninga les og fortel Ingvaldsen frå bøkane om Ikaros på vei mot toppen. Det er fint om elevane har lest nokre av bøkene og har førebudd nokre spørsmål til forfattaren, men det er ikkje eit krav. I tillegg til presentasjon av Ikaros og bøkene, vil forfattaren gjerne ha ein dialog med elevane han møter, og kan samtale om ulike innfallsvinklar, sjangrar, idémyldring og personbeskriving. Viss nokre av lærarane har særskilde ynskjer i den retning, er han ikkje vond å be. 

Ikaros finnast i dei tre bøkene NissekrigenTV-krigen og Bestefarkrigen. Den siste kjem ut hausten 2017.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Bjørn Ingvaldsen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Bjørn Ingvaldsen er forfattar på heiltid og har gitt ut over 50 bøker, dei fleste for born og ungdom. Nokon er triste, nokon er alvorlege og nokon er morosame. Bjørn er oppvaksen i Odda og bur no i Sandnes. I mange år var han leiar for foreininga Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og har arbeidd mykje for å få til betre skulebibliotek i Noreg. Ingvaldsen har bl.a. motteke ARKs barnebokpris, Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og er i 2017 nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Bjørn Ingvaldsen
Foto: Foto: privat

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Bjørn Ingvaldsen - 907 89 128
Programlengde
Ein skuletime
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune