Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Engel i snøen - H17
Produksjonsliste
Program

Engel i snøen - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ungdomsboka Engel i snøen handlar om unge med alvorleg sjukdom. Boka er kort og eginar seg godt til høgtlesing. Totland kombinerer musikk med høgtlesing, der han sjølv spelar piano og les heile boka frå start til slutt.

Forfattaren snakkar òg om kjønnsroller i litteraturen, og i verda elles. I Engel i snøen blir det aldri fortalt kva kjønn forteljaren er, noko som opnar for fine diskusjonar og refleksjonar i klasserommet. Elevane kan gjerne lese boka i etterkant av forfattarbesøket. 

Hordaland fylkesbibliotek har boka i klassesett til utlån: http://www.hordaland.no/nn-NO/kultur/fylkesbiblioteket/klassesett-for-grunnskular-i-hordaland/ NB! Vent med å lese boka til etter Anders Totland har vore på besøk.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Anders Totland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Anders Totland (f. 1986) debuterte med barneboka Vampyrane i eplehagen i 2015. I 2016 kom han ut med ungdomsboka Engel i snøen, og er no aktuell med ungdomsbok nummer to, som kjem hausten 2017. Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, jobbar til dagleg som journalist, forfattar og organist. Han held også føredrag om matauk. 

Til hausten kjem Totland ut med ungdomsboka Så lenge ingen ser oss, og kokeboka Digg.

Multimedia og vedlegg

Bilete

Engel i snøen
Foto: Gyldendal
Anders Totland
Foto: Per Egil Larsen

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

1

Har hatt besøk i dag og det vart ei sterk og gripande stund både for lærarar og elevar. Tusen takk for besøket! Kom gjerne attende:)
Skrive av Kari Sissel, Tonje og Liv Synnøva (Lægreid, 8.-10.klasse) - 20.11.2017 13:46
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Anders Totland - 98 24 20 02
Programlengde
40 minutt
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
Auditorium eller gymsal, helst ikkje vanleg klasserom
Merknad
​Utøvaren treng eit piano eller keyboard til framsyninga. 
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune