Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Grufulle "Glimt" frå fortida - V18
Produksjonsliste
Program

Grufulle "Glimt" frå fortida - V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Ein spennande presentasjon av den Uprisnominerte grøssaren Glimt,  der Røssland tek elevane med inn i boka på ein levande og engasjerande måte. Boka har to forteljarplan, eitt frå notida og eitt frå andre verdskrig.

I boka Glimt blir lesaren kjent med to ungdommar, Jon og Solveig. Begge bur på den vesle øya Grovøy, langt ute i havgapet, og begge kjenner seg litt utanfor. Jon fordi han stammar fælt, og har vanskeleg med å få kontakt med andre, spesielt sidan han akkurat har flytta til øya. Solveig fordi ho blir tvungen til vere tenestejente hos den tyske kommandanten, og derfor mister gradvis kontakten med vennenne sine. Jon og Solveig har ein del ting til felles, men dei er skilde frå kvarandre med mange, mange år. Dei veks opp i heilt ulike tidsaldrar, men er likevel knytte til kvarandre på mystisk vis. 

Glimt er først og fremst ein spennande grøssar, for alt er ikkje slik det skal vere på Grovøy, verken no eller under krigen. Det gamle ungdomshuset der Jon etter kvart blir kjent med dei framtidige klassekameratane sine skjuler noko. Ting hender om natta, uforklarlege ting, og ungdommane våger ikkje vere der lenger enn nødvendig.

Kva er eigentleg dette glimtet? Og kven går igjen i den mørke kjellaren?

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Tor Arve Røssland

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Forfattar Tor Arve Røssland har turnert mykje for DKS med andre produksjonar. Han har utdanning innan litteratur/film/mediefag og har sidan debuten i 1999  gitt ut 14 bøker for barn og unge. Røssland har skrive grøssarar i serien "Svarte-Mathilda", dystopisk science-ficton i "Soledad", og krim i bøker som "Gamer" og "Snatch". I tillegg til forfattarskapet har Røssland halde fleire skrivekurs for born og ungdom. 

Multimedia og vedlegg

Bilete

Tor Arve Røssland
Foto: André Soltvedt

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10 
Kontaktperson utøvar
Tor Arve Røssland - 924 51 321
Programlengde
50 minutt
Maks publikumsantal
100
Arena / rom
Klasserom/auditorium
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
5 min.
Merknad
Forfattaren treng smartboard eller projektor/lerret, med anten HDMI- eller VGA-inngang og lyd-anlegg/boomblaster med aux-inngang. Dersom det er eit stort lokale og mange elevar kan det hende det vert naudsynt med ein god talemikrofon. Det er ikkje ynskjeleg å vere i eit rom med gjennomgangstrafikk.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune