Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Mor og andre maur - H17
Produksjonsliste
Program

Mor og andre maur - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Kva er liknaden mellom maur og menneske?  - Eit leikent møte mellom elevar og skulpturar.

Biletkunstnar Ellen Solberg har laga kasser med bittesmå maurskulpturar i ei mengde situasjonar med klåre referansar til menneska si levemåte. Situasjonane inspirerer til utforsking og pirrar nysgjerrigheita, og alle detaljane gjer at ein stadig oppdagar noko nytt. 

Hovudverket i utstillinga er den store maurdronninga, maurskulpturen "Mor",. Ho gjer assosiasjonar til alt ei mor kan stå for av omsorg, flittigheit og altoppslukande kjærleik. "Mor" kan opplevast som litt skummel på grunn av storleiken, men heldigvis er den laga i eit mjukt og herleg materiale, så ho òg kan minne om eit kosedyr. 

Utstillinga består elles av "Maur med hatt" der forskjellige hattar symboliserer kva kvar maur jobbar med, og "Taxikø" som er gule drosjebilar laga av leire. I tillegg eit dyptrykk som heiter "Hoppende maur", og "Kontorlandskap".

Ellen Solberg syner fram og fortel om «sine» maur, og etter utstillinga får elevane utdelt leire og skal prøve seg på å lage eigne variantar av dette mangfaldige litle insektet.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Ellen Solberg

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ellen Solberg er utdanna biletkunstnar ved Vestlandets kunstakademi i Bergen. Ho har hatt utstillingar rundt om i landet og jobbar med kunst relatert til born. Solberg er tildelt fleire stipend og prisar, mellom anna utstillingsstipend frå Norsk Kulturråd.


Medverkande

  • Ellen Solberg
  • Ellen Solberg (Kunstner)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Mor og andre maur
Foto: Ellen Solberg
Mor og andre maur
Foto: Ellen Solberg
Mor og andre maur
Foto: Ellen Solberg

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Ellen Solberg - 934 10 145 
Programlengde
90 min, inkl ei lita pause
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
På skolen
Er workshop
Ja
Berehjelp
1
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
20 min.
Merknad for spelestad
Skulen finn egna stad for visning av kunsten. Det kan enten vere i klasserom eller annan stad på skulen. Krever minimum 3 x 3 m tomt gulv. Visningsstaden må kunne låsast slik at kunsten står trygt etter framsyninga. Etter framsyninga skal elevane jobbe ved pultane sine i klasserommet.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Ellen Solberg (Kunstner)