Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
To menn og ei tavle - H16 og V17
Produksjonsliste
Program

To menn og ei tavle - H16 og V17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

To menn og ei tavle er ei vill, morosam og annleis teikneframsyning der illustratørane og tvillingbrørne Svein og Egil Nyhus teiknar og fortel for og med elevane. Dei lærer òg vekk forteljartriks og inspirerer til kreativ leik. Framsyninga passar for store og små. Ho krev inga førebuing frå elevane si side. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Svein og Egil Nyhus

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Svein Nyhus er teiknar og barnebokforfattar fødd i Tønsberg i 1962. Han har skrive seks eigne bøker og teikna til fleire av biletbøkene til kona si, forfattaren Gro Dahle, mellom anna «Snill», «Sinna Mann» og den nye «Blekkspruten». Han har òg illustrert prinsesse Märtha Louises bok om kronprins Olav og Ylvis’  «Hva sier reven?». Den nyaste småbarnsboka hans heiter «Skal vi leke?». Svein Nyhus blandar enkelt språk og rare figurar med undring og alvor, slik at bøkene passar for store og små. Fleire av bøkene har fått litterære prisar.

Egil Nyhus er illustratør og avisteiknar og tvillingbroren til Svein. Egil Nyhus har skrive og illustrert mange populære biletbøker, blant anna om sjørøvarhelten Kaptein Sabeltann og til TV-serien Sesam Stasjon som gjekk på NRK på 1990-talet. Egil lagar rike og spudlande teikningar med mykje humor og mange detaljar. Han bur på Jessheim utanfor Oslo. Der er han fast teiknar i Romerikes blad. Egil har i tillegg bidrege med karikaturar og illustrasjonar i ei rekke andre blad.

Egil og Svein har turnert med framsyninga To menn og ei tavle for barnehagebarn og skuleelevar rundt i landet i 20 år. I 2014 fekk dei Teskjekjerringprisen for samarbeidet og bøkene sine.


Medverkande

  • Svein og Egil Nyhus
  • Egil Nyhus
  • Svein Nyhus

Multimedia og vedlegg

Bilete

To menn og en tavle 1
Foto: Nyhus
To menn og en tavle 2
Foto: Nyhus

Publikumskommentarar:

1

Førestillinga fenga ungane veldig. Det var morsomt og underhaldande! Ungane var imponert over teikningane og det var spesielt morsomt at teiknarane var tvillingar.
Skrive av Åsta Kalgraff Kaspersen (Foldnes, 1a) - 11.11.2016 7:54

2

Engasjerende, morsomt, lærerikt og fascinerende! Kjempeunderholdning, både for barn og voksne. Glimt i øyet, og utrolig tegnetalent. Well done!
Skrive av Hege (Foldnes, 4A) - 11.11.2016 7:55

3

Vi synes showet var veldig gøy. Dere klarte å involvere elevene på en herlig måte. Dyktige tegnere!
Skrive av Christina Hemnes (Foldnes, 1b) - 11.11.2016 7:57
Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Litteratur
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand, turneleggjar (vikar) tlf: 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Svein Nyhus, tlf: 97 95 58 13
Programlengde
45 min.
Maks publikumsantal
60
Arena / rom
Klasserom
Oppriggingstid
20 min.
Nedriggingstid
15 min.
Scenebreidde i meter
4
Scenedjupne i meter
3
Merknad
Det er viktig at dei skulane som har mange elevar pr. framsyning, tenker på at alle bør sitte og sjå godt, slik at innhaldet vert formidla på ein bra måte.

Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Egil Nyhus
  • Svein Nyhus