Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Eit magisk møte med lyset - H17
Produksjonsliste
Program

Eit magisk møte med lyset - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Eit magisk møte med lyset gir elevane ein dag der dei får eit praktisk møte med forming, naturfag, fysikk, kjemi og ... magi.

Elevane får først ei oppleving av kva som skaper det bildet vi får i eit kamera, sjølve magien ved fotografiet, noko som forlengst har forsvunne i den digitale verda. For å vise dette lager Øyvind Hjelmen eit Camera Obscura på kvar skule, så sant dette er praktisk mogleg.

Elevane får også sjølve bygge sitt eige kamera i papp. Med dette kameraet fotograferer dei eit bilde på fotopapir, og får vere med når det vert framkalla i mørkerom. Dette gir et papirnegativ, som ein deretter lagar eit positivt bilde av.

Å sjå sitt eige bilde kome fram på det kvite papiret i framkallarskåla, er noko dei aller færraste får oppleve no. Elevane er aktive deltakarar heile vegen, og dei får oppleve å lage bilde ved hjelp av eit kamera dei sjølve har laga, som verken har linse eller er digitalt. I tillegg får dei sjå resultatet av møtet mellom lys, sølv og kjemi. Opplevinga dei får ved alt dette er ... magisk.

Skulane kan lage ei utstilling av bilda i etterkant, viss det er ønskeleg. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Øyvind Hjelmen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Øyvind Hjelmen er bildekunstnar og fotograf, og har bachelor i moderne kunst og estetikk fra Universitetet i Bergen.

Dei siste 15 åra har han stilt ut i 14 land, og er innkjøpt til både offentlege og private samlingar i Norge og i utlandet. Hjelmen har turnert med prosjekt i skulene dei siste 7 åra. I tillegg holder Hjelmen kurs og workshops.


Medverkande

  • Øyvind Hjelmen
  • Øyvind Hjelmen

Multimedia og vedlegg

Bilete

Eit magisk møte med lyset
Foto: camera obscura
Eit magisk møte med lyset
Foto: Marianne B. Bøyum
Øyvind Hjelmen
Foto: Helen Petersen

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Øyvind Hjelmen - 90 08 07 78
Programlengde
Ein skuledag
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Klasserom pluss eit mindre rom som vert blenda med svart plast.
Er workshop
Ja
Oppriggingstid
30 min.
Merknad
Det vert sendt ut detaljert informasjon til skulen i forkant av besøket.
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Øyvind Hjelmen