Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Historisk smykkeworkshop - H17
Produksjonsliste
Program

Historisk smykkeworkshop - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Målet med Historisk smykkeworkshop er å gje elevane kjennskap til kunsthandverk gjennom fagfeltet smykkekunst.

I denne verkstaden vert elevane kjende med moglegheita til å foredle uedla materiale, og dei får erfaring med kreative prosessar i utvikling av eit produkt.

Smykkekunst har lange tradisjonar, og er utbredd over heile verda. Innleiingsvis får elevane sjå ein biletpresentasjon av ulike smykke gjennom tidene. Med blikk på smykkehistoria og smykka sin plass i menneska sitt liv fram til i dag, får dei ei ny tilnærming til samfunnshistoria, der ein kjenner igjen og avdekker korleis smykke har vore med på å forme og påverke funksjonar i samfunnet. Elevane vert involverte gjennom diskusjon av enkeltverk og smykket si tyding for samfunnet, makt, utvikling og symbolisme før og no.

I workshopen jobbar elevane praktisk med å omskape eit historisk smykke til sitt eige. Omlag 4-5 ulike silhuettar av historiske smykke er på førehand trykte opp på tjukke ark. Kvar elev vel 1-2 av desse og omskapar dei til eit nytt smykke, ved hjelp av heilt enkle verkemiddel som saks, tape, fargar, papir, tråd o.l. Alle skal ende opp med eit smykke som dei kan bruke.

Til slutt vert alle elevane samla, og kvar og ein presenterer kort sitt arbeid og forklarer kva dei har tenkt.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Silje Bergsvik og Anneli Belsvik Aras

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Silje Bergsvik har mastergrad i metall- og smykkekunst frå KHIO og PPU fra KHIB, undervisningserfaring frå Bergen kulturskule og Hardanger kunstskule, og som formidlar for DKS nov 2015.

Anneli Belsvik Aras har mastergrad i spesialisert kunst frå KHIB og grunnfag i kunsthistorie fra UIB. Undervisningserfaring har ho frå Stord vgs, Slåtthaug vgs og Hardanger kunstskule. Formidlingserfaring frå Norsk Trikotasjemuseum i Salhus.

Kunstnarane turnerte med Historisk smykkeworkshop i Hordaland hausten 2016. 


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Frå papirbilete til smykke
Foto: Anneli Belsvik Aras
Frå papirbilete til smykke
Foto: Anneli Belsvik Aras
Frå papirbilete til smykke
Foto: Anneli Belsvik Aras
Frå papirbilete til smykke
Foto: Anneli Belsvik Aras

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Programlengde
3-4 skuletimar
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom/kunst- og handverksrom
Workshop
Til workshopen trengs sakser, skjærematter, lim, tape, fargeredskaper, div. papir, m.m. Viss skulen har sakser og skjærematter, evt. anna utstyr, er det fint om dette er tilgjengeleg.
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Må blendast
Ja
Merknad
Delvis blending.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Silje Bergsvik
  • Anneli Belsvik Aras