Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Ismusikk - H17 og V18
Produksjonsliste
Program

Ismusikk - H17 og V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Terje Isungset er verdas einaste ismusikar, og musikken vert framført på verdas viktigaste ressurs: Vatn (men i frossen tilstand).

Velkomne til ei konsertoppleving av dei sjeldne!

Alle instrumenta er nemleg laga av heilt naturleg is! Isen er ferskvare og vart brukt under Icemusicfestival – Geilo. Instrumenta er laga av iskunstnaren Bill Covitz frå USA i samarbeid med Isungset.
Med lyssetjing, spesialdesigna video og surroundlyd vil publikum verte omfamna av isen si magiske verd…

Det er 18 år sidan Terje Isungset tok til å eksperimentere med lyden av is, og ismusikk. Icemusic er no blitt eit kjent omgrep i verdssamanheng, 8 CD-plater er gitt ut, og Terje har turnert i Russland, USA, Canada, Japan, Kina, Australia, Grønland, India og dei fleste europeiske land.

På Norsk TV så du kanskje Isungset under den store direktesendte 200-års feiringa frå Eidsvoll i februar 2014. Nyleg er Isungset si is-verd portrettert i 3 filmar (Canada/USA, Frankrike og Kina).
Han er òg hjernen bak  Icemusicfestival – Geilo.

Terje Isungset spelar på isofonar, isperkusjon, ishorn , istrommer og isringlar. Han har funne opp instrumenta og heile konseptet sjølve.

Dette er musikk på naturen sine premisser. – Det er isen og vinteren som avgjer korleis lyden, klangane og tonane blir. For å få god lyd på is-instrumenta, må isen vere både klar, gjennomskinleg og utan luftbobler. Noko is vil smelte under konserten, men Isungset sin isteknikar tar instrument inn og ut av scena undervegs for å hindre smelting.

Lærarrettleiing

Til lærarene

Terje Isungset og hans crew kjem til skulen 60 minutt før konserstart. Vi ber om at ein lærare er tilgjengeleg både før, under og etter konserten som is assistent. Vedkommande vert instruert av Terje sin eieg isteknikar. Musikarane har med eigen kjølehengar og det er naudsynt at denne vert tilkobla strøm under kosnerten. Vanleg 16. amp. Produksjonen treng og bærehjelp før og etter konserten - 6 elevar

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Terje Isungset
  • Idé/ opplegg: Terje Isungset

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Medverkande:

Sjå meir om:
Terje Isungset og Ismusikk.

Døme frå ismusikkonsertar:
Tromsø 2014.
NRK fjernsyn 2012

Multimedia og vedlegg

Bilete

Konsertlys
Foto: Vidar Herre
Fjellmusikk
Foto: Bjørn Furuseth
Terje Isungset
Foto: Emile Holba
Scenebilde
Foto: Emile Holba

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk / Annet
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Ismusikk - H17
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Jørn Oftedal tlf 406 20 914
Programlengde
40 minutt, inntil 2 konsertar pr. dag.
Maks publikumsantal
180
Arena / rom
Gymsal
Berehjelp
6 elevar, samt ein lærer
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
60 min.
Scenebreidde i meter
6
Scenedjupne i meter
3
Merknad
Ev. transport:
Hordaland fylkeskommune dekkjer reiseutgiftene dersom konserten vert halden på kulturhus el.l. som gjer det naudsynt med transport til konsertstaden. 
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune