Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
269 dagar - H17 og V18
Produksjonsliste
Program

269 dagar - H17 og V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Velkomen inn i ei bildebok!

Bildeboka 269 dagar handlar om vennskapet mellom to små ungar, ein gut og ei jente, og tankane til guten når jenta flytter. Regnet og saknet er gjennomgangstema. Dette er ei vakker og poetisk framsyning til refleksjon og ettertanke.

Bjørn Rune Lie sine illustrasjonar vert vist på storskjerm, og det blir opplesing, musikk og lydkulissar. Ei slags live lydbok, med andre ord. 

Lærarrettleiing

Til etterarbeid

Snakke om vennskap og sakn. Kanskje også snakke om

  • å vere jente/gut i vår tid
  • å ha jente/gutevener
  • å vera barn i dag. - Kvifor har vi gute-/jenteting osb.?

Boka skil ikkje på dette. Vener er vener, uansett kjønn. Vennskap er vakkert.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Roald Kaldestad og Roy Ole Førland
  • Idé/ opplegg: Dette er ein tredimensjonal versjon av biletboka To hundre og sekstini dagar (Magikon forlag, 2014) av forfattar Roald Kaldestad og illustratør Bjørn Rune Lie.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Roald Kaldestad debuterte som forfattar i 2000 med barneboka Heavykatten, Dicscodansemusa og Pinnsvinet Phillip. Året etter kom Reven Ruben, og i 2003 Polkagrisen. Dei to første går stadig som høyrespel på NRK Super. I 2006 kom biletboka Englefjell, som er laga saman med Øyvind Torseter, og i 2010, Heavykatten og gitaren. Kaldestad er også musikar; han spelar gitar, banjo og mandolin. Gjennom åra har han spela mykje med Sigrid Moldestad, Magnet og Odd Nordstoga, i tillegg til seksten års fartstid som lyrisk tenor i Storm Weather Shanty Choir. 

Roy Ole Førland er utdanna musikklærar ved Høgskulen i Volda. Jobbar som musikar, musikklærar og komponist i Bergen, samt på Barnas Kulturhus i Bergen. Førland har dei siste åra jobba mykje med musikk til lyrikk. Han spelar med A boy Named Sue, Heidi Marie Vestrheim, lagar filmmusikk og har brei erfaring fra DKS og Rikskonsertane med produksjonane Heavykatten, Haikutronics, Time, Frå Hauge til haiku, Har du hørt det? og Hei Kalas!


Medverkande

  • Roald Kaldestad og Roy Ole Førland
  • Roald Kaldestad
  • Roy Ole Førland

Elevorientering

Ta godt imot forfattaren!

Det er alltid hyggeleg for ein forfattar å føle seg venta og velkomen. Då blir forfattaren i godt humør, og besøket blir meir hyggeleg og spanande. Tenk på kva di klasse kan gjere for å ta imot forfattaren på ein god måte. Her er nokre eksempel:

  • Veit alle at forfattaren kjem på besøk? (Plakatar, elektronisk, informasjon i klassa?)
  • Kan forfattaren lett finne hovudinngangen og kontoret på skulen?
  • Kan nokon møte forfattaren på parkeringsplassen eller hengje opp plakatar med piler dit forfattaren skal møte dykk?
  • Kven ønskjer forfattaren velkomen i klasserommet?
  • Spør forfattaren om alt de lurer på. La alle elevane, eller 4-5 små grupper, førebu eit spørsmål til forfattaren. Spør igjen dersom du ikkje forstår! 
  • Kven takkar for besøket og inviterer publikum til å klappe?

God kulturoppleving med forfattar på besøk!

Multimedia og vedlegg

Bilete

To hundre og sekstini dagar
Foto: Magikon/Bjørn R. Lie
Roald Kaldestad
Foto: Foto: Svein Størksen
Roy Ole Førland
Foto: Foto Christine Martini

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kunstarter i samspill
Trinn: 1 - 7
Turnéplan: 269 dagar - V18
Turnéplan: 269 dagar - H17
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10 
Kontaktperson utøvar
Roald Kaldestad -  954 60 749
Programlengde
35 minutt
Maks publikumsantal
150
Arena / rom
Gymsal eller mediatek
Berehjelp
4 personar
Oppriggingstid
30 min.
Nedriggingstid
30 min.
Merknad
Rommet må kunne blendast heilt eller delvis. 
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Roald Kaldestad
  • Roy Ole Førland