Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Fear infection - V18 (Team Braza)
Produksjonsliste
Program

Fear infection - V18 (Team Braza)

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Fear Infection er ei spennande, rå og sterk danseframsyning med mobbing og ekskludering som tema. Ho inspirerer til ettertanke og opnar for samtaler om ting som kan vere vanskeleg å snakke om.

Gjennom eit urbant fysisk språk, tekst og spesialkomponert musikk set dei dyktige dansarane i Fear Infection fokus på tema som press, å ikkje føle seg god nok, aksept, respekt og identitet. Etter framsyninga vert det samtale med elevane.

Målet er å skape ein bevisstheit rundt temaet og å inspirere til ettertanke, endring av holdningar og ny innsikt. Kan ein del av hendelsane koma av vår eigen usikkerheit, og påfølgande dårlege val? Vår eigen redsle for å vise andre sider av oss sjølv, redsel for å ikkje passe inn, redsel for å ikke bli akseptert? Klarer ein å stå for det ein ynskjer å vere, og ikkje bere ei "maske" for å bli akseptert?

I framsyninga møter publikum 5 dansarar som kvar og ein har opplevd ekskludering eller å vere den som ekskluderer på ulike stadier i livet. Dei har kjempa seg gjennom, bygd nytt mot og styrke, og har lært å tru på seg sjølv for å vidareutviklast.
Framsyninga inspirerer til ettertanke og opnar for samtale om emner som kan vere vanskeleg å snakke om.

Mykje av mobbinga som skjer i skulegården i dagens samfunn kan vere forhindra gjennom å belyse dette temaet. Ved å motivera til å strekke ut ei hand istadenfor å trekke andre ned, skapast fellesskap og balanse. 

Etter endt framsyning er det satt av tid for ein åpen dialog der både lærarar og elevar kan snakke med utøvarane.

Konsept/idé/regi/kunstnarleg ansvarleg: Belinda Braza
Koreografi: Belinda Braza med skapande dansarar.

Om utøvarar og produsentar

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Team Braza
  • Idé/ opplegg: Belinda Braza

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Team Braza er initiert og starta av Belinda Braza frå Bergen, og er ei gruppe dansarar med utdanning frå Bårdar, The Vibe -The International Dance Center og Den Norske Balletthøyskolen. Team Braza sine produksjonar er kjende for å vere urbane og med viktige og samfunnsaktuelle tema. Dei har spennande og innovative framsyningar som engasjerer og rører publikum.


Medverkande

  • Team Braza
  • Belinda Braza (dansar, produsent, kunstnerisk ansvarlig)
  • Charlotte Korrell (Skapande dansar)
  • Sigurd Christian Dahle Uberg (Skapande dansar)
  • Sofie Løken (Skapande dansar)
  • Sara Einbu (Skapande dansar)
  • David Blikstad (teknikar)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Charlotte Korrell
Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg
Belinda Braza
Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg
Sigurd Christian Dahle Uberg
Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Scenekunst
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Belinda Braza - 481 84 940
Programlengde
30 min
Maks publikumsantal
300
Arena / rom
Gymsal, aula, eller liknande
Berehjelp
2 stk.
Oppriggingstid
60 min.
Nedriggingstid
30 min.
Scenebreidde i meter
8
Scenedjupne i meter
8
Må blendast
Ja
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Norsk scenekunstbruk
Medverkande
  • Belinda Braza (dansar, produsent, kunstnerisk ansvarlig)
  • Charlotte Korrell (Skapande dansar)
  • Sigurd Christian Dahle Uberg (Skapande dansar)
  • Sofie Løken (Skapande dansar)
  • Sara Einbu (Skapande dansar)
  • David Blikstad (teknikar)