Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
FiksjonsVerkstad - V18
Produksjonsliste
Program

FiksjonsVerkstad - V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

FiksjonsVerkstad med kunstnarane Ingrid Askeland og Hilde Jørgensen er eit to dagars kurs a 5 timar kvar dag. Målgruppa er mellomtrinnet, og det er maks 30 elevar på kvart kurs.

I løpet av verkstaden vil elevane få innføring i modelleringsteknikkar, fotografering, collage, fargelære og komposisjon. Resultatet vil bli tablå som dei kan ta med seg heim. 

Elevane får bygge, male, klippe, lime og modellere ein tredimensjonal collage med utgangspunkt i fem ulike fotografi av alt frå finske skogsfelt til atomkraftverk. Dei vel eit fotografi som vil fungere som bakgrunn i deira egen miniatyrverd. Elevane lager scenografiske element eller karakterar av farga plastellina eller leire. Dei jobbar individuelt, og står fritt til å lage alt frå menneskeskapte eller naturlege fenomen til meir abstrakte fantasiverder. Gjenstandar, leire, stein, sand, mose, skjell og kvistar dannar saman med plastellinafigurane forgrunnen i tablåa. Gjennom collage og akrylmaling vil dei forandre bakgrunnen. Dei kan og bruke eigne fotografi og collagemateriale.

Tablåa blir i samarbeid med elevane fotografert. – Elevane skal væra aktivt med i prosessen, flytte på eller fjerne element for å få best mulig komposisjon i fotografiet.

Elevane vil også få ein introduksjon til samtidskunstnarar som nyttar teknikkar dei er introdusert for.

Verkstaden vert avslutta med utstilling av dei tredimensjonale modellane, og samtale rundt dei ulike uttrykka og tema. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Ingrid Askeland og Hilde Jørgensen

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ingrid Askeland har hovudfag i visuell kunst frå Kunsthøgskolen i Oslo, og grunnfag ved sekjson for keramikk frå Kunsthøgskolen i Bergen. Sidan 2005 har ho praktisert som utøvande kunstnar. Akseland har undervist i keramikk, samt holdt keramikkurs og kermaikkverkstader for born og vaksne. 

Hilde Jørgensen har hovudfag i fotografi frå Kunsthøgskolen i Bergen, og er i dag både kunstnar og kurator. Dei siste åra har ho jobba med fotografiske prosjekt, kunstnarleg samarbeid, konseptutvikling og formidling. I eiga kunstpraksis er det fotografi, tekst og installasjon som er hovudmedia. 

Begge utøvarane har delteke på ei rekke utstillingar i inn- og utland, og motteke fleire stipend. 

Multimedia og vedlegg

Bilete

Ghoust House
Foto: Hilde Jørgensen
Kraftwerke
Foto: Hilde Jørgensen
Red Sun
Foto: Hilde Jørgensen
Astronauter
Foto: Hilde Jørgensen
China Town
Foto: Hilde Jørgensen
Dødens skog
Foto: Hilde Jørgensen
Dødningsskalle
Foto: Hilde Jørgensen
Jakt og Fiske
Foto: Hilde Jørgensen
Jesus!!
Foto: Hilde Jørgensen

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Visuell kunst
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Hilde Jørgensen - 458 09 910
Programlengde
2 dagar
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Eit stort klasserom med vask
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
30 min.
Straum
Fire straumuttak i rommet
Merknad
Rommet må ha delvis blending, tre pultar, stikkontakt til limpistol og projektor/smartboard. 
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune