Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Hardingfela - slåttar, segner, dans og drama - H17
Produksjonsliste
Program

Hardingfela - slåttar, segner, dans og drama - H17

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Hardingfela er eit av dei fremste nasjonalsymbola i Norge. Gjennom namnet, romantikken og nasjonalbygginga har instrumentet vore uløyseleg knytt til Hardanger. I denne produksjonen frå Hardanger folkemuseum vert det sett fokus på å kople segner til musikken og mystikken kring Hardingfela. Dessutan knyte dei konkrete gjenstandane (felene) til kjende spelemenn som eingong eigde dei, og det er til dels dramatiske historiar kring dei. Avslutningsvis vert "skattekista", ein eldre felekasse med ei 300 år gamal fele, opna og elevane får høyre lyden av musikken frå fortida.

Felespel, segner og forteljingar vert ein viktig innfallsvinkel i denne produksjonen. Kven var spelemannen og kva posisjon hadde han? Kva med mystikken knytt til fela og slåttane, korleis har den oppstått? Kvifor heiter det hardingfele? Kva er ein slått? Og korleis ser dei eldste felene ut?

Lærarrettleiing

Mål i kunnskapsløftet: Musikk

Hovudområder i faget, lytte:
Å kunne lytte er ein grunnleggande føresetnad både for musikkoppleving og for eigen utøvelse, aleine og i samspel med andre. (…) Her inngår arbeid med barnesangkultur, samisk musikk og folkemusikk (…).

Kompetansemål etter 4. årstrinn:

Musisere
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
 framføre sang, spel og dans i samhandling med andre

Lytte
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
 Kjenne at norsk og samisk folkemusikk(…)
 delta i samtaler om kva som er særeigne trekk ved enkelte musikksjangrar.

Mål i læreplanen L-97, Samfunnsfag 3. klasse:

I opplæringa skal elevane
- bli kjende med mytar, segn og eventyr og finne ut om dei kan fortelje nokon om historia vår.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Hardanger folkemuseum
  • Idé/ opplegg: Hardanger folkemuseum

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Helena Kjepso er etnolog og formidlingsleiar ved Hardanger folkemuseum/Agatunet, og ho er leiar av Hardanger historielag.

Frank Rolland er ein spelemann frå Ulvik i Hardanger. Han har brei erfaring frå både konsertverksemd og som pedagog, og har til dagleg arbeidsstad ved Hardanger folkemuseum på Utne. I 2008 gav han ut solocd-en Frank Rolland – hardingfele, og han har elles medverka på ei rekkje plater, m.a. Håstabøslåttar som vart nominert til Spelemannsprisen. Frank har vore fylkesmusikar i Hordaland sidan 1996.


Medverkande

  • Hardanger folkemuseum
  • Frank Henrik Rolland (Felespelar)
  • Helena Kjepso (Formidlar), , 41361655

Multimedia og vedlegg

Bilete

Felebord
Foto: Frank Rolland
Frank i sving
Foto: Sigrid Seim

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kulturarv
Trinn: 1 - 4
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Kontaktperson utøvar
Helena Kjepso, helena@hardanger.museum.no  Tlf.: 413 61 655
Helena Kjepso, , 41361655
Programlengde
45 min
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom eller skulebibliotek
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Merknad
Utøvarane treng eit bord og to stolar
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Medverkande
  • Frank Henrik Rolland (Felespelar)
  • Helena Kjepso (Formidlar)