Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Kontaktperson:
Ei reise gjennom filmhistoria
Produksjonsliste
Program

Ei reise gjennom filmhistoria

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Svanhild og Ingvill inviterer til leiken utforsking av animasjon. Dei brukar tilgjengelege appar på Ipad og lar elevane få innblikk i moglege bruksmåtar av mediet. 

Første del (miniforedrag):

Dagen startar med at elevane får eit raskt innblikk i filmhistoria. Utøvarane viser filmklipp og går gjennom dei viktigaste retningane og milestolpane. Dei kjem til å ha hovudvekt på animasjon, men vil også vise nokre klipp frå realfilmar. Prinsippa bak all film er dei same; nemlig bilde som er spelte av etter kvarandre.

Til slutt vil dei vise korleis ein i dag bruker animasjon i film til å skape spesialeffektar.

Andre del (praksis):

Klassen vert delt inn i fire grupper, og alle får i oppgåve å lage ein liten stumfilm. Ved hjelp av forskjellige animasjonsteknikkar skal kvar gruppe fortelje ei kort historie.

Når gruppene er ferdige med filmklippa, vert dei lagde inn i eit redigeringsprogram. Her vert det lagt på stumfilmeffektar som svart/kvit-bilete, tekstplakatar og stumfilmmusikk.

Dagen vert avslutta med filmvisning, der alle får sjå filmane sine samla i ein liten kortfilm. 

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Liv Laga animasjon og illustrasjon
  • Produsent: Liv Laga animasjon og illustrasjon
  • I samarbeid med: Liv Laga animasjon og illustrasjon

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ingvill Kvinge og Svanhild Utne er utdanna animatørar ved Høgskulen i Volda og er i dag busett i Bergen. Etter å ha jobba i ulike filmproduksjonsselskap har dei starta opp animasjonsføretaket Liv Laga Animasjon og Illustrasjon. Dei fokuserer i hovudsak på animasjonsverkstader for barn og unge. 

Liv Laga Animasjon og Illustrasjon har hatt fleire verkstader i regi av Den kulturelle bæremeisen, Barnas Kulturhus og kulturkontora i Bergen. Føremålet er å gje eit innsyn i animasjonsverda, å aktivisere, inspirere og bruke det som læringsmetode. Samstundes kan ein vere eit talerøyr for menneske i ulike situasjonar. Animasjon er eit spennande verktøy, ei non-verbal uttrykksform som kan vere abstrakt eller konkret. 


Medverkande

Multimedia og vedlegg

Bilete

Ei reise gjennom filmhistoria med vekt på animasjon
Foto: Liv Laga animasjon og illustrasjon

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Film
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand  tlf: 55 23 92 10 
Kontaktperson utøvar
Ingvill Kvinge, tlf: 47311994Svanhild Utne, tlf: 90205829
Programlengde
240 min
Maks publikumsantal
25
Arena / rom
Klasserom med smartboard eller projektor og delvis blending + eit disponibelt grupperom
Workshop
Ja
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
15 min.
Merknad
Det er ynskjeleg at lærar er tilstades under heile opplegget.
Lenker
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Liv Laga animasjon og illustrasjon
Medverkande
  • Svanhild Utne
  • Ingvill Kvinge