Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Snakk om språk! - V18
Produksjonsliste
Program

Snakk om språk! - V18

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Snakk om språk! er ein gjennomarbeidd ny versjon av framsyninga Det undrande språket, som er sett av over 4000 elevar i sju forskjellige fylker sidan starten i 2004.

Elevane får møte Benedicte Søreng frå Trøndelag og Richard Olsen frå Brasøy i Nordland. Opplegget har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane. I samtalen kjem ein inn på elevars og eigne haldningar til språk. Vi diskuterer skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkendringar, språk og makt og språkleg vane. Kva betyr språket, både det munnlege og skriftlege? Kvifor gjer vi om på språket når vi flyttar? Korleis kan vi bruke språk og dialekt i ulike samanhengar?

Snakk om språk! er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å skape refleksjonar kring språk og det å vere språkbrukar, og ein vil gjere elevane bevisste på at språk er viktig! Språk heng saman med identitet, og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.

I tillegg til å gje elevane ei oppleving i klasserommet, vil vi også leggje til rette for refleksjon og diskusjon i etterkant av besøket. Til framsyninga er det utarbeidd oppgåver og samla artiklar og relevante lenkjer. Dette er meint å vere eit nyttig hjelpemiddel for lærarar og elevar om dei ønskjer å fordjupe seg i tema som er tatt opp i framsyninga. Sjå vedlegg. 

Meir informasjon og oppgåver til etterarbeid ligg på nettstaden: Ivar Aasen-tunet.

Lærarrettleiing

Frå formål med norskfaget, læreplanen Kunnskapsløftet 2006

LK 06 har følgjande kompetansemål etter 10.trinn som er integrert i "Snakk om språk":

"Eleven skal kunne:
1)gjøre rede for noen kjennetegn med hovedgrupper av talemål i Noreg, og diksutere holdninger til ulike talemål og til de skriftlige målformene bokmål og nynorsk.

2) Forklare bakgrunnen for at det er to likestilte norske målformer, og gjøre rede for språkdebatt og språklig variasjon i Norge i dag."

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Kunstnarar / grupper: Nynorsk kultursentrum med Benedicte Søreng og Richard Olsen
  • Produsent: Ivar Aasen-tunet
  • I samarbeid med: Nynorsk kultursentrum

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Ivar Aasen-tunet er  ei avdeling under Nynorsk kultursentrum.

Benedicte Søreng kjem frå Trøndelag og har utdanning i musikkteater frå Bårdarakademiet. Ho har mellom anna hatt roller i "Hekkebakkeskogen" i Dyreparken, Kristiansand, og var med i Haugesund Teater si oppsetjing av "Grease". 

Richard Olsen er fødd og oppvaksen på Brasøy i Nordland. Han er utdanna skodespelar og musikalartist frå GITIS-Scandinavia Århus og Bårdar Akademiets musikallinje. Richard har hatt roller som både Langemann og Sabeltann under sommershowet ved Kristiansand Dyrepark, og har spela i "Grease" ved Haugesund Teater.


Medverkande

  • Nynorsk kultursentrum med Benedicte Søreng og Richard Olsen
  • Richard Olsen
  • Benedicte Søreng

Multimedia og vedlegg

Bilete

Richard Olsen
Foto: Privat

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Kulturarv
Trinn: 8 - 10
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Guro Strand - 55 23 92 10
Programlengde
80 minutt
Maks publikumsantal
30
Arena / rom
Klasserom med tavle og plass til rullebanner-utstilling langs veggane
Berehjelp
1
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Merknad
Dei treng om lag 3 x 5 meter speleflate, stol, pult, og ein stabel med bøker.
Lenker
Vedlegg
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Ivar Aasen-tunet
Medverkande
  • Richard Olsen
  • Benedicte Søreng