Hordaland fylkeskommune
Postadresse: Postboks 7900, 5020 Bergen
Besøksadresse: Agnes Mowinckels gate 5, 5020 Bergen
Epost: DKS@hfk.no Telefon: 55 23 90 00 • Nettstad: http://www.hordaland.no/
Møte
Produksjonsliste
Program

Møte

Sjå alle bilete, videoar, lydklipp, vedlegg

Møte

Bli kjend med songar og kvedar Kim Andre Rysstad og jazz musikarane Ole Thomsen, Arild Seim og Edvard Mjanger –eit musikals møte i spenningsfeltet mellom folkemusikk og pop/jaz.

Om utøvarar og produsentar

  • Arrangert av: Hordaland fylkeskommune
  • Produsent: Produsent: Jørn Oftedal - tlf 406 20 914
     jorn.oftedal@hfk.no
  • Idé/ opplegg: Musikarane i lag med produsent

Om kunstnar / utøvar / gruppe

Kim André Rysstad: songar og musikar frå Rysstad i Setesdal har med si framifrå stemme blitt lagt merke til av musikkelskarar både nasjonalt, og internasjonalt. Rysstad som i hovudsak har jobba mest med kveding hentar gjerne inspirasjon frå pop, musical og country for så å blande dette med folkemusikken. Han deltok i Melodi Grand Prix 2012 med songen «Så Vidunderleg» som vart A-lista på NRKP1 i tre månadar. Hausten etter var Rysstad med i NRK's «Beat For Beat». 
Kim André vart nominert til «Spelemannprisen» for si andre soloplate «Vegen» , og jobbar for tida med sitt tredje plateprosjekt med release utpå vinteren 2015. 

Bli nærare kjend med Kim Andre på hans facebook side: http://www.facebook.com/kimandrerysstad

Ole Thomsen: gitar kom med i pop- og bluesmiljøet i Bergen seint på 60-tallet. Han var gitarist i begge dei kjende gruppene på 80-talet, Ny Bris og Bergen Blues Band. Ole skreiv bestillingsverket til Vossajazz 1988, og året etter vart han heidra med Vossajazzprisen. Han har turnert mykje for Rikskonsertane og har vore med på ei rekkje radio- og fjernsynsprogram. Han er ofte nytta som teatermusikar ved Den nationale scene.

Arild Seim: gitar, har lang og omfattande fartstid som frilansmusikar, og har spelt med m.a. Hungry John and the Blue Shadows, Son Mu, Claudio Roditi, Paquito D’Rivera, Neil Sedaka, Mike Gallaher, Savoy Stompers, Millpond Moon og Shadowland. Han turnerar fast for Rikskonsertane og har delteke på mange plateinnspelingar.

Bassist Edvard Mjanger frå Radøy har jazzutdanning frå Griegakademiet og Sund folkehøgskule, men har vore innom nesten alt frå blues, R’n’B og samtidsmusikk til pop, rock og americana. Som frilansmusikar har han blant andre spelt med Vinni frå Paperboys, og har i tillegg til ein japanturné reist land og strand med produksjonar som Nordic Tenors' Christmas Tour, Kjærleikens Ferjereiser og Transittéaterets Bergensposisjonar. Våren 2015 er han igjen på vegen; med improvisert musikk i den sjølvskrivne barneforestillinga "Eventyret om Maja og den glemte musikken".


Medverkande

  • Kim Andre Rysstad (songar)
  • Ole Thomsen (gitarist)
  • Arild Seim (gitarist)
  • Edvard Mjanger (bassist)

Multimedia og vedlegg

Bilete

Kim Andre Rysstad
Foto: Stian Andersen - Rikskonsertene
Arild Seim
Foto: ukjent
Ole Thomsen
Foto: ukjent
Edvard Mjanger
Foto: ukjent

Video/Lyd

Publikumskommentarar:

Namn:
Skule:
Klasse:
Kommentar:
Musikk
Trinn: 8 - 10
Turnéplan: Møte - H17 Bergen
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
Produsent: Jørn Oftedal - tlf 406 20 914
 jorn.oftedal@hfk.no
Kontaktperson utøvar
Kim Andre Rystad
Programlengde
40 min.
Maks publikumsantal
200
Arena / rom
gymsal eller scene
Berehjelp
4 - 6 elevar
Oppriggingstid
45 min.
Nedriggingstid
45 min.
Arrangørar
Arrangert av:
Hordaland fylkeskommune
Produsent
Produsent: Jørn Oftedal - tlf 406 20 914
 jorn.oftedal@hfk.no
Medverkande
  • Kim Andre Rysstad (songar)
  • Ole Thomsen (gitarist)
  • Arild Seim (gitarist)
  • Edvard Mjanger (bassist)